Program for hausten 2011

Program Hausten 2011
1/9 Fortellinger fra saunaen
15/9 Another Year
29/9 Gitarmongo
13/10 En mann som skriker
27/10 The Royal Tenenbaums
10/11 Onkel Boonmee
24/11 Sita Sings the Blues
8/12 Innland Empire

Torsdag 1. september startar filmklubben opp med filmvisingar etter sommaren. Haustprogrammet består av i alt 8 filmar som vi viser annankvar torsdag kl. 20.30 på Origo kino.

Først ute er den finske Fortellinger fra saunaen, ein dokumentar som kjem tett innpå finske menn…i saunaen. 15. september viser vi Another Year, siste film frå den britiske regissøren Mike Leigh (Hemmeligheter og løgner, Vera Drake, Happy-Go-Lucky). Leigh er ein stabil leverandør av kvalitetsfilm og Another Year er intet unntak. Eit av høgdepunkta frå filmåret 2010. 29. september held vi fram med Gitarmongo, debutfilmen til regissør Ruben Östlund (De ufrivillige – tidlegare vist i filmklubben). Han står forøvrig også bak kortfilmen Hendelse ved bank som vi viser før Fortellinger fra saunaen. Det er ikkje ofte det står afrikansk film på programmet, difor er det hyggeleg å vise En mann som skriker 13. oktober. Filmen er frå Tsjad og vann den høgthengande Juryprisen i Cannes i 2010. 10. november viser vi også Gullpalmevinnaren frå same år, Onkel Boonmee som kan erindre sine tidlegere liv. Ei vakker og annleis filmoppleving. Regissør Apichatpong Weerasethakul vert sett på som ein av dei mest sentrale filmskaparane det siste tiåret.
Førre semester starta vi med ein serie der vi trakk fram utvalte filmar frå førre tiår 2000-2009. Det gjer vi også dette semesteret. 27. oktober er det The Royal Tenenbaums som får æra å representere tiåret. Ein svart komedie med eit herleg persongalleri og karrierebeste frå regissør Wes Anderson (Rushmore, Livet under vann med Steve Zissou). Inland Empire av sjølvaste David Lynch (Mulholland Drive, Lost Highway, Blue Velvet, Twin Peaks) står på programmet 8. desember og er den andre filmen i serien 2000-2009. 24. november er det mogleg å få med seg Sita Sings the Blues, ein film som forteller ein av dei vakraste historiene i hinduismen gjennom bruk av animasjon og blueslåtar frå 30-talet! Ein av dei beste filmane frå det amerikanske filmåret i 2009 ifølgje den norske filmnettstaden Montages.

Billett 50 kr. Medlemskap kostar 50 kr og gjeld for heile haustprogrammet. Filmomtalar vil du etterkvart finne på lofotenfilmklubb.origo.no og i vårt trykte programhefte som vil ligge på kinoen og andre stader.

Vi ønsker nye og gamle medlemmar velkommen til eit nytt semester i filmklubben!

Annonse